648 millionar kroner til den frivillige beredskapen i 2025
Pressemelding | Nr: 24/25 | Dato: 26.05.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Redningsselskapet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp bidrar kvar dag i redningsoppdrag, leiteaksjonar og annan livsnødvendig støtte over heile landet og er ein svært viktig del av den nasjonale beredskapen. Dette er organisasjonar som er til stades i lokalsamfunna våre og som kan reagere raskt når hendingar rammer oss, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Redningsselskapet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp mottar til saman 648 millionar kroner til frivillig nasjonal beredskap frå Norsk Tippings overskott frå 2024. Dette er ei auke på heile 82 millionar kroner frå i fjor. Midlane vil bli utbetalt dei nærmaste dagane.
Ordninga skal bidra til å sikre viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkande organisasjonar utfører på områdane helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid samt natur-, miljø- og dyrevern.
Ordninga skal i tillegg sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver vidareførast.
Stortinget har derfor gitt tilslutning til at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal motta ein årleg fast del av midlane. Disse tre organisasjonane utfører oppgåver som er sentrale for norsk redning og beredskap. Dei andre organisasjonane må søke særskilt og søknadsfristen er 1. september.
Tildeling fordelt på organisasjonane:
Mottakar |
Tildeling 2025 (overskot 2024) |
|
Røde Kors |
383 189 816 |
|
Redningsselskapet |
236 462 070 |
|
Norsk Folkehjelp |
29 103 024 |
|
Totalt |
648 754 910 |