Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa foreslår å vidareføre folketrygdfinansieringa for kiropraktorar
Nyheit | Dato: 15.05.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å vidareføre folketrygdfinansieringa for kiropraktorar. Bakgrunnen er at Stortinget har bedt om dette for å oppretthalde moglegheit til å samle inn data som har betydning for forsking. Forslaget er anslått til ein årleg kostnad på 8,8 millionar kroner.
Å vidareføre folketrygdfinansieringa for kiropraktorar, legg til rette for at data frå alle private helse- og omsorgstenester kan samlast i dei nasjonale helseregistra. Dette er data som er av betydning for forsking på muskel- og skjelettlidingar.
Forslaget inneber også at pasientar framleis har rettigheiter til å få dekka kostnader til reiser til og frå behandling hjå kiropraktor.
Regjeringa foreslo opphavleg å kutte i denne støtta for å skape rom for andre prioriterte oppgåver, men fekk ikkje fleirtal i Stortinget.
Forslaget i revidert nasjonalbudsjett om å vidareføre taksten inneber fire kroner per takst og er anslått å ha ein årleg kostnad på 8,8 millionar kroner.