Alternative innretningar for innføring av forbod mot nedbygging av myr i norsk rett

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen utarbeidd rapport om alternative innretningar for innføring av forbod mot nedbygging av myr. Rapporten greier ut korleis eit forbod mot nedbygging av myr kan innførast i norsk lovverk, og vurderer ulike rettslege alternativ for regulering, inkludert forholdet til kommunalt sjølvstyre, klima- og miljømål, og eksisterande plan- og bygningslovgiving. Arbeidet gir konkrete forslag og analysar som grunnlag for vidare politikkutforming.